– Sjøfartsdirektoratet er ein organisasjon i utvikling og me ynskjer å vera framoverlente. I dette arbeidet tenkjer ein ofte lett på rekruttering av yngre krefter, men me er samstundes heilt avhengige av dei som har brei erfaring og kompetanse. Dei me no har heidra med denne høgthengande medaljen, har på kvar sin måte vore med å både synleggjera direktoratet som arbeidsplass og som ein viktig aktør i den maritime næringa, seier fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad.

Mari Lisbeth Olsen vart tilsett ved tilsynskontoret i Kristiansund i 1988 og har vore i teneste der sidan den gong. Arbeidsoppgåvene som kontorfullmektig har endra seg mykje desse åra. I starten gjekk det over disk på papir, men no kjem det meste inn digitalt. Forutan det daglege kontorarbeidet, som avlastar inspektørane mykje, har Olsen og ansvar for arkiva til tilsynskontora i Kristiansund og Trondheim.

Ole Johannes Kamlund vart tilsett i 1987 då NIS-registeret vart oppretta. Med bakgrunn som ingeniør fekk han ansvar for oppfylging av dei tekniske sidene ved registrering av skip i NIS og NOR. Seinare har Kamlund også vore involvert i meir administrativt arbeid. Han har vore fast stadfortredar for registerføraren og deltek aktivt i marknadsføringa av registera. I dag er Kamlund seksjonssjef i Avdeling Skipsregistrene, som frå 2012 vart slått saman med Sjøfartsdirektoratet.

Turid Stemre er utdanna skipsingeniør og hadde først to år i direktoratet frå 1977 til 1979. I 1988 vendte ho tilbake til direktoratet, der ho har vore sidan. Stemre har jobba med sakshandsaming på passasjerskipsavdelinga og har hatt ulike leiarstillingar. Etter at direktoratet flytta til Haugesund i 2006 har ho vore ein viktig ressurs for direktoratet, som delegasjonsleiar i FN sin sjøfartsadministrasjon (IMO). Stemre er høgt akta for innsatsen i IMO, og ho fekk mellom anna mykje ros for arbeidet med polarkoda. Innsatsen hennar i det internasjonale arbeidet har også resultert i ei utmerking frå US Coast Guard, i tillegg til at ho fekk vere gudmor for Kystvaktskipet KV Farm.  

Sjøfartsdirektoratet ynskjer å takke dei tre medaljemottakarane for innsatsen dei har gjort for direktoratet så langt. Som det står i retningslinene for medaljen: «Vedkommendes Opførsel og Moralske Forhold såvel i som udenfor Tjenesten i enhver Henseende har været Exemplarisk».