– På dialogmøtet har me møtt engasjerte representantar frå næringa, som har fått drøfta krava me føreslår. Det har kome mange gode innspel som me tek med oss vidare i arbeidet fram mot høyringa seinare i år, seier Sonja Hillersøy, som er leiar for passasjerskipsavdelinga i Sjøfartsdirektoratet.

 

Bakgrunnen er at Sjøfartsdirektoratet ynskjer å få på plass eit eige regelverk for passasjerskip i områda rundt Svalbard. Til no har mykje av krava blitt regulert gjennom rundskriv. Samstundes er direktoratet klar over at dette kjem til å væra eit krevjande arbeid, då det omfattar fartøy av ulike typar og storleikar. Difor er tidleg dialog særs viktig.

 

Forarbeidet som ligg til grunn for den nye forskrifta blei presentert på dialogmøtet, og skal ut på høyring når det er blitt utforma som ei forskrift. Det som allereie er fastsett, er at krava skal gjelda for både norske og utanlandske passasjerskip. Eit 30-tals personar deltok på møtet, og ei tidleg involvering er noko dei sette pris på.

 

– Me fekk god dialog, og tilbakemeldinga er at næringa set pris på at dei blir tidleg involverte, slik at vi kan ha ein dialog rundt krava før forskrifta kjem ut på høyring, seier Hillersøy.

Målsetjinga til direktoratet er å ha høyringa klar oppunder jul, og at høyringsfristen blir sett til tre månader.