Tidlegare har den såkalla «12 pax-forskrifta» frå 2009 ført til mange spørsmål frå brukarar, som var usikre på kva for reglar som gjaldt akkurat deiDå den reviderte forskrifta kom ut i februar, samla Sjøfartsdirektoratet nyttig informasjon, inkludert «spørsmål og svar» på nettsida sdir.no/12pax 

– Tilbakemeldingane me får tyder på at folk synes det er lettare å finna fram i den rerviderte utgåva, og dei nye nettsidene om forskrifta gjer det lett å henta ut informasjonen dei treng, seier Magnar T. Selnes, som har via mange arbeidstimar til nettopp dette arbeidet.  

Forenkla kan ein seia at forskrifta gjeld all transport av 12 eller færre passasjerar som ikkje er fritidsaktivitet, der privatpersonar tar med seg vener eller kjende på tur i fritidsbåten sin. Endringane i den reviderte utgåva medfører at fartøy i rutefart no kan nytta denne forskrifta 

Fartøy som blir brukte av skularleirskular eller barnehagar til sjøvettaktivitetar, og fartøy under ti meter med begrensa motorisering kan no følga reglane for fritidsfartøy 

Eit anna viktig punkt er at reiarlag som følgjer forskrifta pliktar å registrera seg hos Sjøfartsdirektoratet.  

– Det er eit kort skjema der me ber om informasjon om fartøyet, reiarlaget og bruksområdet for fartøyet. Registreringa varer i eitt år om gangen, og det gjer ein enkelt på nettsidene våre, seier Selnes.

Han påpeiker at førarar av fartøy som driv passasjerdrift under denne forskrifta må oppfylla krava i kvalifikasjonsforskrifta.

Kvalifikasjonskrav til førar av fartøy som skal føra 12 eller færre passasjerar utan passasjersertifikat:   

  • På skip med største lengde under 15 meter skal skipsførar minst ha fritidsskippersertifikat, gyldig helseerklæring for arbeidstakarar på skip og grunnleggande tryggleikskurs. 
  • På skip med største lengde 15 meter eller meir skal skipsførar minst ha kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 5. Skipets storleik og fartsområde kan medføra krav om gare sertifikat. 
  • Skipsførar skal ha gjennomført og bestått godkjent kurs i passasjer- og krisehandtering og tryggleik på passasjerskip. 
  • Skipsføra skal som minimum ha Begrenset Operatørsertifikat, ROC (Restricted Operator's Certificate), men kan ha SRC (Short Range Certificate)-sertifikat dersom fartøyet kun opererer i fartsområde 4 eller mindre. Betening av radioutstyret skal utførast av radiooperatør. Dersom fartøyet har påbod om radioutstyr for radiodekningsområde A2 og større områder, skal minst ein radiooperatør ha Generelt Operatørsertifikat, GOC (General Operator's Certificate).