Daniel Möllerström 2021 03 Njord Viking.jpg

Dette er eit mjukt bilde frå ein hard kvardag, og det har kvalitetar som gjer at ein stoppar opp ved det. Bildet er symmetrisk, har flotte fargar og treff på dei fleste komposisjonsreglane, sa juryen om Daniel Möllerström sitt vinnarbilde.

Matrosen på Brage Viking tok bildet medan dei venta på å kopla opp kjetting til rigg. Han såg at det var veldig fint lys og bestemte seg for å fanga augneblinken med kameraet.

2. plass
2. plass Foto: Daniel Möllerström

Möllerström stakk også av med andreplassen i årets konkurranse, for det herlege portrettet av kollegaen som nyt ein etterlengta matpause. Sjølv blei Möllerström hoppande glad for beskjeden om at det var hans to bilde som imponerte juryen mest i år.

  Det er fint å få bekrefta at folk likar bilda mine, seier den fotoglade matrosen.

3. plass 2021 Thomas Egeland - Skandi Vega.jpg

Tredjeplassen gjekk til Thomas Egeland sitt flotte vintermotiv frå Skandi Vega, medan fjerdeplassen gjekk til Even Nilsen for hans actionfylte bilde frå Siem Pride.

4. plass 2021 Even Nilsen - Siem Pride.jpg

Femteplassen fekk Andreas Wolden for eit mektig dronebilde tatt om bord på Kronprins Haakon.

Andreas Wolden 2021 10 Kronprins Haakon.jpg

  Veldig flotte bilder, var konklusjonen frå juryen, som i år besto av fotografane Øyvind Sætre og Grethe Nygaard og kommunikasjonsrådgivar Kari Stautland.

Oppgåva var som vanleg å velga ut 15 bilde og kåra fem vinnarbilde. Juryen hadde mange blinkskot å velga mellom og brukte ein del tid på å landa dei 15 finalistane. Etter den første, vanskelege silinga for å komma fram til 15 bilde, var juryen uvanleg samstemte om kva for bilde som skulle utgjera topp fem, og om rangeringa av desse.

Fotograf Grethe Nygaard har eit tips til fotografane som ikkje nådde heilt opp.

Tenk endå meir på komposisjon. Mange av bilda hadde blitt endå betre med eit stramare utsnitt, tipsar ho.

Nordisk finale

Dei 15 beste bilda frå den norske finalen gjekk som vanleg automatisk vidare til den nordiske finalen, som i år blei arrangert av velferdstenesten i Finland.  

2021Winners_1_SE_RichardJensen_SafetyOfficer_NationalGeographicExplorer_Fishermen returning to port_web.jpg

Førsteplassen blei vunnen av Richard Jensen, som er sikkerhetsoffiser på National Geographic Explorer, medan stuerten Jörgen Språng, med den lengste merittlista i fotokonkurransen av alle gjennom tidene, tok sølvplassen. Johan Nilheimer og Luka Jonasson tok tredje- og fjerdeplassen, medan svenske Denny Flögstad, som er bosun på det norske supportfartøyet Njord Viking, sørga for ein fin femteplass til Noreg.

Denny Flögstad 2021 05 Njord Viking.jpg

Den glade femtepremie-vinnaren deltok i konkurransen for første gong, og er svært nøgd med prestasjonen. Han fortel at det var skipskollega Daniel Möllerström (som toppa den norske konkurransen) som oppmoda han til å senda inn bildet. Flögstad starta med fotografering for 6-7 år sidan då han jobba med Möllerström på Brage Viking.

NB! På Sjøfartsdirektoratets Facebook-side kan du studera bildene frå konkurransen i ro og mak og lesa meir om vinnarbilda.