For fjerde år på rad kan ein melda om vekst i NIS, og dette året er det ikkje endringane i fartsområde-avgrensingane frå 2016 som ligg til grunn. Medan 25 skip kom frå NOR til NIS i 2017, var det berre ti skip som gjekk same vegen i fjor. Sju skip skifta register frå NIS til NOR, medan heile 47 av nykomlingane blei overført frå utanlandske register. Av desse kom heile 12 frå Isle of Man.

– Dette er ei særs gledeleg utvikling, seier Monika Borge, registerfører og avdelingsdirektør ved Skipsregistra. Den målretta innsatsen over fleire år for å auka flåten gjev resultat. Rammevilkåra blir heile tida betre, og når det gjeld det arbeidet Sjøfartsdirektoratet gjer. Den direkte og opne kontakten vi har med næringa setjar vi stor pris på og gler oss til å føra vidare.

Totalt var 615 fartøy registrerte i NIS ved utgangen av 2018, noko som medførte ein tonnasjevekst på 318,815 bruttotonn.

 

VISER FRAM FLAGGET

– I Sjøfartsdirektoratet har me ei satsing på ei meir profesjonell marknadsføring av det norske flagget, som allereie viser gode resultat.  Visjonen vår er å bli den føretrekte maritime administrasjon. Det inneber at flagget er synleg, anerkjent, lett tilgjengelig og tilbyr rett og god kompetanse. Gode og forutsigbare rammebetingelser er sentralt for at flagget er konkurransedyktig og attraktiv for næringa, og me har stort fokus på kundeservice, seier Caroline Whittle Stensland. Ho blei tilsett som marknadssjef i direktoratet i 2017, og jobbar tett opp mot den maritime klynga.

- Hovedfokuset vårt er å pleia eksisterande kundar og forbetra prosessane ved innsal og oppfølging av nye kunder i NIS/NOR.  Det er viktig for oss å veta korleis me kontinuerlig kan forbetra kundereisa. Merkevarebygging av det Norske flagget står også sentralt, og me deltek aktivt på arrangement, konferansar og messer der marknadsfører Noreg som ein leiande sjøfartsnasjon og synleggjer fordelane ved å flagga norsk, seier marknadssjefen. Sjøfartsdirektoratet har også eit pågåande arbeid med digitalisering av tenester og prosessar som forbetrar kundeopplevinga.

 

FRITIDSBÅTVEKST I NOR

Norsk Ordinært Skipsregister (NOR) kunne slå i bordet med ein netto vekst på heile 591 fartøy i fjor. I tråd med utviklinga seinare år, er det fritidsbåtar som står for størstedelen av nyregistreringane.  Dette viser at eigarane forstår viktigheten av å velja NOR, sjølv når dette ikkje er eit krav frå banken for å få lånefinansiering.

– Tryggleiken registeret representerer blir stadig meir kjent. I tillegg er det berre fartøy som er registrert i NOR som kan få utstedt «Nasjonalitetsbevis», eit dokument som kan forenkla innsjekken i enkelte utanlandske hamner, forklarer Borge.

Yrkesfartøy representerer vel halvparten (52 prosent) av NOR-flåten. Med yrkesfartøy meiner ein alt frå mindre arbeidsbåtar til fiskefartøy og ferger, medan handelsflåten består av skip på 100 bruttotonn og meir. Med sine fire prosent utgjer denne delen resten av NOR-flåten. I løpet av 2018 var det ein nedgang i den NOR-registrerte handelsflåten på ni fartøy.

 

FARTØY UNDER BYGGING

NOR har også ei underavdeling, Skipsbyggingsregisteret (BYGG). I BYGG kan ein registrera fartøy under bygging i Noreg, og kontraktar om framtidig bygging i Noreg. Einaste vilkåret er at fartøyets største lengde er ti meter eller meir – det blir ikkje stilt krav til eigars nasjonalitet. Sjølv om registrering i BYGG er frivillig, gir den eit bilde av den høge byggeaktiviteten i Noreg dei siste åra. I kom det inn 97 nyregistreringar i BYGG, medan talet auka til 110 i 2018.  Registreringane her finn ofte stad i lang tid før byggestart.