-Det er positivt at tala går nedover, og me håpar at denne trenden vil fortsette. Me ønsker at folk skal kose seg og samstundes ta vare på seg sjølv og vise omsyn til andre som ferdes på sjøen, seier Sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Redningsselskapet får meir å gjere

Redningsselskapet erfarer at talet på oppdrag, assistansar, søk og redda liv aukar. Større arbeidsmengde for Redningsselskapet samsvarar med at talet på fritidsbåtar aukar og generell trafikkvekst på sjøen.

- Vårt inntrykk er at stadig fleire brukar sjøen. I den samanhengen er det gledeleg at talet på omkomne har gått ned. Samstundes ser vi at aktivitetsauke på sjøen gjer oss meir å gjere. Difor er det viktig at vi styrkar vår livreddande innsats og driv førebyggjande arbeid slik at visjonen vår om at ingen skal drukne om nokre år kan verte ein realitet, seier kommunikasjonssjef Frode Pedersen i Redningsselskapet.

Vest kunna ha redda fleire

Fleire av dei omkomne kunne truleg ha berga livet om dei hadde brukt flyteutstyr. På tross av påbodet om flyteutstyr om bord på båtar under 8 meter som er i fart, er det framleis mange som ikkje bruker vest, og av dei 27 som mista livet i fjor var det berre ti som hadde på seg flyteutstyr.

-Sjøfartsdirektoratet vil fortsetja arbeide med førebyggjande og haldningsskapande arbeid for å påverke dei fritidsbåtbrukarar som ikkje brukar vest til å setje tryggleik først når dei er på sjøen. Dei gode haldningane til fritidsbåtfolket er utruleg viktige for å redda fleire liv, seier Akselsen.

Dei gode haldningane til fritidsbåtfolket er utruleg viktige for å redda fleire liv, seier Sjøfartsdirektør Olav Akselsen. Foto: Steinar Haugberg

Menn i 50 åra toppar statistikken som før

Det er få kvinner som mister livet ved bruk av fritidsbåtar, samanlikna med menn. I 2016 omkom 26 menn og ei kvinne, og data frå dei seinaste 10 åra viser at om lag 94% av dei som mister livet er menn. Den gjennomsnittlege alderen på dei omkomne var 56 år, som er noko høgare enn i fjor.

Det er hovudsakleg nordmenn som mistar livet, men som tidegare år ser ein også fleire dødsulykker blant utanlandske statsborgarar. Som i 2015 var det 5 av dei som omkom i 2016 som var av utanlandsk nasjonalitet.

Nær halvparten av dødsfalla i fjor skjedde i tronge farvatn langs kysten medan om lag 26 prosent skjedde på ein innsjø, og det er opne motorbåtar som er involvert i flest ulykker.