MERK: SARex-øvelsen ble gjennomført 10. februar i år før de strenge tiltakene i forbindelse med koronapandemien ble iverksatt.

Sjølv med «plasseringsvennlege» ungdommar som testkaniner blei det knapt med plass i redningsflåte og livbåtar.

– Det blei veldig trongt om bord. Varmt, faktisk. Heldigvis var det ikkje bølger så me kunne ha luka ope, fortel Ruben Tveit.

Saman med Marcus Eidesvik, Kristoffer Solberg, Magnus Alvestad og Aleksander Ness, var han om bord i ein av livbåtane under øvinga 10. februar. Gann-elevane er båtvande og drivne i evakuerinsøvingar. Denne gong var det likevel annleis, då fokuset var på krava polarkoden stiller til evakuering i arktisk farvann.

SPENTE: Oliver Aronsen og Åmund Berge var spente før øvinga. 

God stemning

Det blei brukt éin redningsflåte med kapasitet til 25 personar og to livbåtar med kapasitet til 60 personar kvar.  Eine livbåten hadde 60 personar om bord og var full, medan den andre hadde 53 personar om bord.

Dei testa også plasstilhøva med ekstra bagasje om bord tilsvarande krava i Polarkoden. Det inkluderer overlevingsutstyr for kvar einskilde passasjer, fellesutstyr for gruppa og ei viss mengde vatn.

– Stemninga var god, det var ein som hadde med seg høgtalar om bord, men eg er glad me ikkje trong sitta der lenger, seier Eidesvik.

TAR PLASS: Polarkoden krev at ein skal ha med både personleg utstyr, gruppeutstyr og vatn i livbåtane.

På førehand hadde elevane fått utdelt reisesjuketablettar og spyposar saman med velmeinte åtvaringar: Sjølv røynde sjøfolk kan kjenna på kvalmen i dei små, lukka livbåtane.

Spyposane skulle visa seg å bli ubrukte. Farvatnet utanfor Landegode var uvanleg stille denne februardagen. Kompisgjengen er ikkje i tvil om kva som var mest utfordrande ved øvinga. Plassmangel og store redningsdraktar. Dette stemmer godt overeins med funna i den førebelse rapporten etter øvinga.

Som sild i tønne

 «Erfaringa frå øvinga viser at 16 personar fyller flåten. Då satt ein skulder mot skulder med beina inn mot midten. Dei må dra til seg beina og plassera andre i midten om det skal bli plass til fleire i flåten. Det kan vera svært utfordrande over tid», seier rapporten. For å nå krava i Polarkoden skal ein kunna overleva i flåten i fem døgn.

Under øvinga tok ein også tida på evakueringa, og såg på kor lang tid markørane brukte på å få på seg overlevingsdraktar. Markørane måtte også på baderomsvekta før dei entra flåten, slik at ein kunne finna ut om snittvekta samsvarer med den som blir brukt i regelverket.

INTIMT: Ruben Tveit, Marcus Eidesvik, Kristoffer Solberg, Magnus Alvestad (bak) og Aleksander Ness syntest det var godt å komma ut av den trange livbåten.

– Når det gjeld flåtestorleik er røynslene dei same som frå dei tidlegare SARex-øvingane på Svalbard. Flåtar med kapasitet til 25 har i realiteten plass til maks 20. Me såg også at snittvekta var høgare enn det ein har rekna ut frå i regelverket, seier Erik J. Landa, som sit i Sjøfartsdirektoratets kompetanseforum for redning og evakuering.

Veret var for godt

– Veret blei litt for godt, slik at me ikkje fekk utfordringar med ver, bølger og tid slik ein hadde venta på førehand. Men volum, plass og vekt er tema me må sjå nærare på, oppsummerte prosjektleiar Morten Jørgensen, frå Maritimt Forum.

Det var ikkje berre veret som gjorde at øvinga blei raskare unnagjort enn planlagt. To helikoptre frå 330 skvadronen skulle etter planen øva på å evakuera passasjerar frå flåte og livbåt og frakta dei inn til land, men tekniske problem gjorde at helikopterøvinga utgjekk.

TRYGT: Kystvakten var med og la ei trygg ramme rundt øvinga.