Det norske flagget blant topp ti

  • Publisert: 19.07.2019

Noreg er nok ein gong blant topp ti på Paris MoU si rangering av verdas flaggstatar.

Portrait of Alf Tore Sørheim
NØGD: Fungerande sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim fortel at eit godt samarbeid mellom reiarlag og flaggstat er ein viktig bidragsytar til den gode plasseringa.
FOTO: Sjøfartsdirektoratet

Dette viser igjen at det norske flagget er eit kvalitetsflagg

Paris MoU, som er det europeiske samarbeidet om hamnestatskontrollar, rangerer årleg verdas flaggstatar etter talet på inspeksjonar og tilbakehaldne skip.  Dei 41 flaggstatane som hamna på White List i år, har høgast snittkvalitet på skipa sine, og lågast risiko for alvorlege hendingar. Noreg har halde seg i øvste sjiktet på White List i ei årrekke, og hamna i år på niande plass.

– Dette viser igjen at det norske flagget er eit kvalitetsflagg. Reiarlaga har hovedæra for plasseringa, men eit godt samarbeid og god dialog mellom rederi og flagg er viktig for å halda seg i toppsjiktet, seier fungerande sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim.

I tillegg finnes Grey List og Black List, der kvaliteten er lågare og risikoen tilsvarande høgare. I år består Grey List av 18 flaggstatar medan 14 hamna på Black List. 

Øvst på White List tronar Isle of Man (UK), Bahamas, Singapore, Frankrike og Storbritannia, medan Palau, komorene, Togo og Kongo ligg heilt nedst på Black List.

 

 

 Om Paris MoU

  • Regional hamnestatskontroll med 27 medlemsland (EU/EØS- landa, Canada og Russland)
  • Hamnestatskontroll er tilsyn på utanlandske skip, og blir sett på som eit av dei viktigaste verktøya for å sikra kvaliteten på skipa som seglar på verdshava.  Tilsynet skal passa på at skipa seglar i samsvar med internasjonale reglar om tryggleik, hindring av forureining og sjøfolks arbeids- og levevilkår.
  • Årleg blir om lag 20.000 skip kontrollerte gjennom Paris MoU-systemet. Kontrollane blir fordelte mellom dei 27 medlemslanda, etter kor mange utanlandske skipsanløp dei har.
  • Paris MoU gir kvart år ut ei rangeringsliste, den såkalla «BGW list» (Black, Grey, White List), som er ei oversikt over flaggstatar som blir vurderte som kvalitetsflagg (White List), til flagg som blir vurderte som risikoflagg (Black List).
Til toppen