Hentet fra Navigare– Når sjarkfiskarar ber oss om hjelp er situasjonen ofte nådd eit kritisk punkt. Dei er vane med å ordna seg sjølv, og ventar ofte for lenge med å kontakta oss, seier Jarle Øversveen som er avdelingsdirektør ved Hovedredningssentralen Sør-Norge. Han ønskjer at terskelen for å kontakta HRS skal bli lågare.

– Me håpar at det skal skje ei haldningsendring som gjer at denne terskelen blir lågare. Jo tidlegare me blir kontakta, jo betre høve har me til å få til ein udramatisk redningsoperasjon. Meld frå i det du oppdagar at noko kan utvikla seg til å bli ein faresituasjon, oppmodar Øversveen. Han påpeiker at det ikkje kostar pengar å få hjelp i ein naudssituasjon.

– Redningstenesten er her for alle, og det er ingen kostnader knyttet til redningsoppdragene. Ein får ikkje tilsendt noko rekning i etterkant, seier Øversveen. Saman med redningsinspektør Stein Solberg, viser han Navigare rundt i kontorbygget på Sola i Rogaland. Det opne kontorlandskapet er fullt med monitorar som mellom anna viser skipstrafikken, ikkje berre i Noreg, men i heile verda.

Øv på naudprosessane

Solberg og Øversveen er klare i talen når Navigare ber om tips til kva ein bør gjera om det oppstår problem på sjøen.

– For det første må ein ikkje nøla med å ta kontakt med oss, sjølv om ein kanskje tenkjer at situasjonen kjem til å ordna seg. Og når ein kontaktar oss er det viktig at det skjer over VHF'en, i stadan for mobiltelefonen, seier Solberg. Dei to har også eit anna godt råd når det gjeld førebuingar.

– Øv mykje på naudprosessane, og sørg for at naudutstyret er lett tilgjengeleg. Det å ha trening i å få på seg redningsutstyret raskt og skikkeleg, kan vera avgjerande i ein naudsituasjon, seier Øversveen. Ein naudsituasjon er ofte ei kaotisk oppleving, og Øversveen, som sjølv har luftoperativbakgrunn, påpeiker at det ikkje er lett å få på seg redningsdrakta første gong.

Sjekk redningsutstyret

Han fortel at godt redningsutstyr er ein fellesnemnar for ulykkene som endar godt. Ei ulykke illustruerer godt poenget. I 2012 var eit islandsk fiskefartøy med fire personar om bord på veg til Noreg. Berre ein av dei fire overlevde ulykka. Han hadde fått på seg redningsdrakt, og kom frå ulykka med livet i behald etter å ha ligge i den iskalde sjøen i tre og ein halv time.

– Har du godt vedlikehalde redningsutstyr, får sendt naudmelding gjennom VHF/DSC eller INMARSAT, eller utløyst naudpeilesendaren før du kjem deg om bord i redningsflåten, har du gode sjansar for å overleva, påpeiker Øversveen.

Organiserar mange sjøredningar

I fjor registrerte hovudredningssentralane, som har det overordna ansvaret for leiing og koordinering av søk- og redningsaksjonar i Noreg, totalt 4472 sjøredningar. 1208 av dei blei registrerte ved HRS Nord Norge, som har basen sin i Bodø, og 3264 kom inn til HRS Sør Norge.

Alle redningsleiarane ved hovudredningssentralane har lang operativ erfaring, som til dømes pilotar eller sjøkapteinar. Dei får også eitt års etatsutdanning før dei tar til i jobben.

– Dei skal ha både livserfaring og begge beina godt planta på jorda, seier Øversveen.

Tett samarbeid

Dei to hovudredningssentralane i Noreg har eit tett samarbeid. Det same gjeld Kystradioen, som er samlokalisert med både HRS Nord-Norge og HRS Sør-Norge. I lokala til HRS Sør-Norge på Sola, er det berre ei glasdør mellom kontoret til Kystradioen.

– Det fungerer veldig godt, seier Nils-Ole Sunde, som er ein av to redningsleiarar på vakt hos HRS-Sør Norge denne dagen. På kontorpulten sin har han utsikt til ein stor monitor som viser skipstrafikken for augneblinken. Føre seg har han to dataskjermar som held han oppdatert med nødvendig informasjon.

– Nett no har me ein situasjon med ein fiskebåt, der ein person må evakuerast grunna sjukdom. Då ringer Radio Medico meg, så tilkallar me helikopter, fortel Sunde. I tillegg til ei grunnstøtt ferje, utgjer det hendingane denne junimorgonen. Helga før hadde dei i snitt 35 hendingar i døgeret.

– Men me tør nesten ikkje seie at det er stille. Seier me det, smell det garantert, ler vaktleiaren.