Etter skipsarbeidslova kan Sjøfartsdirektoratet føre tilsyn med retten til landlov. Bekymringsmeldingane vert følgde opp i tråd med våre prosedyrar, og dei aktuelle reiarlaga er kontakta. Sidan vi lever i ei slags brytningstid, der restriksjonar knytte til covid-19 i all hovudsak er historie samstundes som smittetrykket framleis varierer, ser direktoratet behov for å minne næringa om kva reglar som gjeld om landlov.

Viktig for sjøfolk

Landlov er ein viktig del av arbeidsmiljø, helse og tryggleik for sjøfolk. Hovudregelen om landlov finn vi i skipsarbeidslova § 9-4, og denne gjennomfører den tilsvarande internasjonale regelen, som vi finn i MLC regel 2.4 nr. 2. Regelen gjev dei som arbeider om bord, rett til å gå i land på fritida si under skipets opphald i hamn. Om skipets forhold gjer det naudsynt at sjøfolka blir verande om bord, kan det gjerast unntak frå denne hovudregelen. Uttrykket «skipets forhold» vil fyrst og fremst omfatte forhold som tryggleiken til dei om bord, skipet eller lasta, utføring av naudsynt skipsarbeid, eller skipets føreståande avreise eller forhaling.

Tema på tilsyn

Skipsarbeidslova må tydast slik at reiarlaget skal gi sjøfolka landlov med mindre reiarlaget kan syne til ei konkret risikovurdering som tilseier at det er naudsynt med landlovnekt grunna «skipets forhold». I direktoratet sitt tilsynsarbeid vil vi difor krevje å få sjå slike risikovurderingar. Vi stiller krav til løpande risikovurderingar knytte til dei enkelte hamnene som fartøya anløper.