Sommaren 2020 vart spådd til tidenes ulykkesommar. Auka båtsal, noregsferie og tidvis fint ver la til rette for aktivitetar langs kysten, ved innsjø og elver. Sjølv om det blir rapportert om ei auke i talet på utrykkingar frå redningsetatane, er talet på omkomne i sommar likevel lågare enn for same periode dei siste åra. Gjennomsnittleg tal for dei tre sommarmånadane har vore på ca 15 omkomne i perioden 2001 – 2019. 

– Kvar enkelt person som mister livet ved bruk av fritidsbåt er ein person for mykje, og me arbeider mot ein nullvisjon, seier fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad. Sjøfartsdirektoratet har i sommar drive kampanjeverksemd langs store deler av landet, og har blant anna vore ut og snakka med båtfolket om tryggleik om bord. Andre etatar har og hatt auka fokus på informasjonsarbeid. I tillegg har redningstenesta hatt auka bemanning i sommar.    

 – Me håpar og trur at noko av grunnlaget for at det ikkje blei fleire omkomne i sommar er auka fokus på tryggleik ved bruk av fritidsbåt og at folk er flinke til å tenkje tryggleik når dei tek båten ut. Til dømes bør det å bruka flytevest i båt vere like sjølvsagt som bruk av setebelte i bil, seier Alvestad.  

 

Hugs lanterner i mørket

– Me er avhengige av at folk held fram med å tenke tryggleik om bord for å unngå fleire ulykker i år. Mange stadar i landet er det framleis høg aktivitet på vatnet. Me går nå mot ei tid med mørkare kveldar. Da er det viktig at alle bruker lanterner på båten, avpassar farten etter lysforholda og held seg edru når dei førar båt.  – Det at me nå ser fleire ulykker på innsjø eller vatn, gjer at me og vil oppfordra spesielt til å tenkje tryggleik i desse områda,  legg han til.  

Tidlegare kartlegging har vist at bruk av flyteustyr, kombinert med moglegheit til å varsle om naud kan vere med på å redde liv både på sjø og vatn. 

– Hugs vest til alle og pass på at du har mogelegheit til å varsle om noko skulle skje.  VHF er som regel den beste måten å varsle på, men ofte kan og mobiltelefon vere til god hjelp. Hugs difor alltid å oppbevare telefonen i vanntett etui, oppmodar Alvestad.

 

Meir informasjon om ulykkene i 2020 ligg her.