– Det er svært trist at talet på personar som mistar livet i fritidsbåtulykker ikkje går  nedover, og vi oppmodar alle om å visa aktsemd på sjøen. Bruk flyteutsyr, hald ein fornuftig fart, og vent med ankerdrammen til båten er trygt fortøyd for natta. Sjansen for at det skal skje noko uønska er mykje større om båtføraren er påverka av alkohol, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.  

I seks av dødsfalla knytt til bruk av fritidsbåtar i 2017, er det uvisst om den forulykka var påverka av alkohol eller andre rusmiddel. I mange tilfelle er ikkje denne informasjonen tilgjengeleg, men 35 av totalt 155 som har mista livet i fritidsbåtulykker dei siste fem åra, står registrerte som påverka av alkohol då ulykka skjedde.

 

Flytevest kunne redda fleire

Fleire av dei som omkom i fritidsbåtulykker i fjor kunne truleg ha overlevd dersom dei nytta flyteutstyr. Sjøfartsdirektoratet har inntrykk av at stadig fleire har for vane å nytta flyteutstyr, men dessverre er det framleis nokon som vel å droppa vesten. Desse er overrepresenterte blant dei omkomne.

Av dei 29 som omkom i fjor, veit vi at 18 ikkje nytta flytevest. I tre av tilfella er den forulykka ikkje funnen, og det er difor uvisst om det blei nytta flyteutstyr. Åtte av dei omkomne nytta flytevest, men i fleire av desse ulykkene har ikkje vesten fungert som tiltenkt. Det er svært viktig at vesten passar brukaren, er godt festa, og at naudsynt vedlikehald av vesten er utført.

 

Godt vaksne menn er overrepresenterte

Som tidlegare år, er godt vaksne menn overrepresenterte på statistikken over omkomne i fritidsbåtulukker i 2017. Av dei omkomne var  25 menn, og snittalderen på dei forulykka var 56 år. 

Sjølv om dei aller fleste som er omfatta av statistikken er nordmenn, ser vi også at ein del utlendingar mistar livet i norske fritidsbåtulykker. I fjor var sju av dei omkomne utanlandske statsborgarar.

Av dødsulykkene i fjor skjedde 13 ved bruk av opne motorbåtar, seks involverte lukka/delvis lukka motorbåtar, fire involverte joller og robåtar. Ei ulykke gjaldt kano, to gjaldt kajakk og dei tre siste omhandla andre fritidsfartøy. 

Fire av dei 29 hendingane skjedde langs kai, medan tre skjedde i hamneområde. 

Utfyllande ulykkessstatistikk for 2017 og tidlegare år finn du her