- Målet vårt med denne konferansen er å få samla alle aktørane som er opptekne av fritidsbåtar til gode diskusjonar rundt tryggleik, og me ønskjer at dette skal bli ein nasjonal samlingssstad. Programkomiteen har gjort ein veldig god jobb, med eit program som tar opp viktige og aktuelle tema, som sikkerhet og miljø, sa Akselsen. Han nytta høvet til å oppmoda fritidsbåtfolket til å hugsa å rydda etter seg, og gjerne ta ein ekstrarydderunde i fjæra.

- Eg trur at det å vera i båt er ein miljøvennleg form for ferie, særleg om ein ser på alternativa, som ofte involverer fly. Men det er viktig at dei som nyt båtlivet også tar ansvar og ryddar opp etter seg, sa Akselsen. Den årvisse konferansen blir arrangert av Sjøfartsdirektoratet, i samarbeid med Kystverket, Redningsselskapet, Kongelig Norsk Båtforbund og Norboat.