GÃ¥ direkte hovedmeny GÃ¥ direkte nettstedkart GÃ¥ direkte til innhold

Aktuelt

Regjeringa har vedtatt obligatorisk båtførerbevis

Publisert: 6. november 2008. Oppdatert: 6. november 2008.

Regjeringa har beslutta å innføre obligatorisk båtførarbevis i Noreg. Ordninga trer i kraft frå 1.mai 2010 med visse unntak og avgrensingar. Dermed er arbeidet som vart starta hausten 2006 nå sluttført.

Vedtaket som nå er gjort inneber at alle som skal føre ein fritidsbåt over 8 meter og/eller har 25 hk eller meir etter 1.mai 2010, må ha båtførerbevis. Regjeringa har også beslutta å innføre eit fritak frå ordninga for alle som er fødd før 1.1.1980. Ordninga vil truleg  omfatte rundt 170.000 båtførarar. For Sjøfartsdirektoratet inneber dette at ein nå kan starte arbeidet med å planlegge den praktiske gjennomføringa av ordninga.

– Det er positivt at regjeringa nå har fatta ein beslutning i denne saken. For oss vert det eit stort arbeid som vil krevje ein god del tid og ressursar. Samtidig ser me viktigheita av å auke kunnskapen hjå dei som fører fritidsbåtar, seier fungerande sjøfartsdirektør Sigurd Gude. Dagens frivillige ordning vil bli vidareført i overgangen til eit obligatorisk båtførerbevis. Gude påpeiker at alle som har tatt båtførarbevis, eller som kjem til å ta båtførarbevis etter dagens frivillige ordning, også vil være gyldig i ein obligatorisk ordning. 

Sjøfartsdirektoratet vil komme med meir informasjon på www.sdir.no etter kvart. Det vil også være mogleg å abonnere på nyhende og informasjon knytta til ordninga med obligatorisk båtførarbevis ved å registrere seg som abonnent på vår nettside.

Les pressemeldingen fra Nærings- og handelsdepartementet

 

Kontakt oss

Sjøfartsdirektoratets hovedkontor inngang mot øst

Telefon 52 74 50 00
Telefaks 52 74 50 01

Sjøfartsdirektoratet
Postboks 2222
N-5509 Haugesund, Norway
KONTAKTSKJEMA
E-post

Besøksadresse:
Smedasundet 50A
5528 Haugesund

KART

Fakturaadresse:
Sjøfartsdirektoratet
Fakturamottak SSØ
Postboks 4104
2307 Hamar
Org.nr NO 974 761 262

Du finner oss også på:
Klikk på bilde for å komme til vår Facebook-side